Teater Vestland 公开
[search 0]
更多

Download the App!

show episodes
 
Loading …
show series
 
Lyst på ein skule(halv)time om binaural lyd? Då vil du ikkje gå glipp av denne episoden av podkasten vår Bak maska! Lyddesignar og komponist Eirik Havnes og regissør Elisabet Topp snakkar seg varme om lyd og høyrsel i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt. Frå 9. juni kan publikum oppleve Skogsopplevingar, ei teateroppleving på øyret. …
  continue reading
 
Det er i alle fall ikkje å lage to framsyningar i éi; ei framsyning for barna og ei for dei vaksne. Ei god familieframsyning samlar generasjonane i opplevinga. Kanskje er det eit ekstra lag der for dei vaksne, men det skal ikkje vere slik at barna sit der og ikkje forstår. I Teater Vestland sin moderne versjon av Peter Pan har regissør Philipp Sten…
  continue reading
 
Lene Therese Teigen har både skrive og hatt regi på Mødrevariasjonar, eit verk ho har laga på bestilling for Teater Vestland. Når ein går frå dramatikar til regissør, må ein kaste alle bitane opp i lufta og setje dei saman på nytt, seier Teigen i denne samtalen med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt. Det er ein prosess som kan utfordre og overr…
  continue reading
 
Lene Therese Teigen har skrive Mødrevariasjonar som vi opnar 2023 med her på teateret. I samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt fortel ho at ho er litt av ein matte- og skjemanerd. 4 skodespelarar fyller 16 roller. Teigen er opptatt av å skape gode roller for kvinner, som noko meir enn bikarakterar i menns liv. Det handlar ikkje berre o…
  continue reading
 
Teater Vestland sin versjon av Grevinna & hovmeisteren er ein smart komedie som glir inn i samtida og eit politisk landskap, der det ikkje alltid er så lett å vite kva som er korrekt. Humor må ha ei meining og ikkje vere stereotypi for stereotypiens skuld, seier regissør Bjørnar Lisether Teigen og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt i denne epis…
  continue reading
 
Er du ein av dei som synest at tekstane til Jon Fosse kan vere tunge å fordøye? Regissør Martin Lotherington meiner tvert om. Han er opptatt av at teater skal kommunisere, og det verste han kan tenke seg er at publikum sit att og føler seg dumme etterpå. «Eg vil ikkje lage rebus», seier han i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.…
  continue reading
 
Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt har med seg to blad Losnegård i podkaststudio: Idun og Viljar som står på scena i «Send storm», og ja, dei er søskenbarn. Dei har tolka meir og mindre kjende Jakob Sande-dikt på nytt og miksar dei med ambient musikk. Ver så god, her får du høyre både «Fløytelåt» og starten av titteldiktet «Send storm».…
  continue reading
 
Høyr regissør Linn Meyer Kongshavn og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt snakke om årets første produksjon på Teater Vestland: Gratis og uforpliktande verdivurdering, basert på boka til samtidsforfattar Marit Eikemo. Det er ein styrke at så mange kan kjenne seg att i karakterane, men også litt skummelt. Korleis vil publikum oppleve samtidsdrama…
  continue reading
 
Cecilie Grydeland Lundsholt har vore teatersjef i snart eitt år, og her gjer ho opp status i samtale med sjefen, styreleiar Rasmus Mo. Som mange andre trudde ho at pandemien skulle vere over innan 2021. Ho hadde programmert ein komedie og ei gøyal familieframsyning for å feire gjenopninga av landet - i staden vart det latter på blå resept for å kom…
  continue reading
 
Høyr teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt snakke om vårens program på Teater Vestland saman med tidlegare teatersjef Terje Lyngstad. Det blir drama, humor, musikalsk heilaftan på bygdehuset, utvida verkelegheit, popup-teater og endeleg - etter to avlyste år - Kinnaspelet! I tillegg kan du høyre siste nytt om Nynorskhuset, Nynorsk scenespråksenter…
  continue reading
 
Høyr regissør Miriam Prestøy Lie i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt om «Jenta med fyrstikkene», ei annleis juleframsyning for heile familien. Regissøren ønsker at framsyninga skal inspirere barn til å bruke stemma si - og gjerne også bli meir opprørske!由Sprei
  continue reading
 
Høyr Are Kalvø i samtale med Heidi Hattestein om «Toppar VG-lista», eit show om popmusikken og meininga med livet. Are fortel at han er blitt meir forståelsesfull og mindre kritisk med åra. Han meiner det er mykje kjærleik i å vere vennleg frekk, og at ein alltid bør vere klar til å bry seg om nokon ein ikkje kjenner.…
  continue reading
 
Høyr regissør Torkil Sandsund og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt snakke om «Bondetinget», dokumentarteater som angår deg. I stykket kjem det fram at noko er stole frå det norske folket. 9 av 10 bønder har forsvunne ut av næringa sidan krigen, og med dei har butikkar stengt og skular blitt nedlagde. Korleis kunne det skje? Torkil Sandsund har…
  continue reading
 
Loading …

快速参考指南