使用Player FM应用程序离线!
Preben Hodneland om Fosse, pausar og prosess
Manage episode 417070221 series 3287496
Eigentleg var Preben Hodneland godt i gang med ein yrkeskarriere som prosessteknikar i oljeindustrien på Mongstad, då han kom inn på teaterhøgskolen på tredje forsøk. Han forlet tal, maskinar og den litt harde kommunikasjonsforma i industrien på Vestlandet, og reiste til Oslo for å komme i kontakt med sine eigne kjensler gjennom dei kunstnarlege prosessane på skolen.
I år er det 10 år sidan Preben debuterte som profesjonell skodespelar, og på dei åra har han gjort ei rad ulike roller her på Det Norske Teatret, frå steppande misjonær i Uganda i The Book of Mormon til tittelrolla i Raskolnikov, der han speler ein lutfattig og febril mordar. Han har vunne norsk teaters mest høgthengande pris, Heddaprisen to gonger for beste medspelar og ein gong for beste hovudrolle. No speler han endeleg i eit stykke av ein annan vestlending han har stor respekt for, Jon Fosse.
Preben kjem til opptak av Språkoppdraget rett frå ei framsyning av Einkvan, det nyaste Fosse-stykket, og fortel oss om rutinane sine før og etter ei framsyning. Vi snakkar også om korleis det er å gyve laus på den første urpremieren til Fosse etter at han fekk Nobelprisen, vi dykkar ned i språket og pausane til Fosse og inviterer oss sjølve inn i hovudet til Preben for å forstå korleis han går inn i rollene han speler, om kvifor han alltid forsvarar karakteren sin, uansett kor patetisk han er, og om kva som er den største forskjellen på å spele hovudroller og biroller.
Vi snakkar om pugging av tekst, om kva som skil ein lang pause frå ein ganske lang pause, om kva som er best av teater og film, om kvifor Preben har slutta med teiknsetting i skrift, om korleis dialekta hans har tolt flyttinga til Oslo, kva som ville vore den ultimate musikalrolla for Preben Hodneland og kva han følte den gongen han fekk kjeft av Jon Fosse. Velkomne til ein god og nerdete prat om teater og språk!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
41集单集

所有剧集
×欢迎使用Player FM
Player FM正在网上搜索高质量的播客,以便您现在享受。它是最好的播客应用程序,适用于安卓、iPhone和网络。注册以跨设备同步订阅。